Nyheitsbrev mars 2018
Skriv ut

Pridlao kom med eit fyldig nummer til jul, bladet var på heile 164 sider. Det inneheldt eit variert stoff, og med artiklar frå alle bygdelagi i kommunen. Bladet kan ein få kjøpa, prisen er 200 kr pluss porto. Elles kan ein abonnera på bladet. 

Me har framleis eldre utgåver på lager, Pridlao har komme ut sidan 1984 og så langt har det komme ut 82 blad. 

Det kjem no berre eitt nr pr år, så neste blad kjem til jul dette år. Tips, foto og artiklar blir teke mot med takk. 

Elles driv Rune Lee som arbeider ved Vik Lokalhistoriske Arkiv og fullfører ny ættebok for Feios, boki vil truleg koma ut til jul. Då ligg Vik Vik kommune godt an med ættesoger. Vik fekk ny gards- og ættesoge i 2008, Fresvik fekk ny ættebok i 2016 og Feios vil då få i 2018. 

Andre planlagde prosjekt er bokutgjeving med grendefotoa samla. Helge Grønningsæter er så å seia ferdig med å fotografera folk i heile kommunen. Me har no fått namnsett fotoa, og den biletboka vil også koma til jul 2018. 

Arbeid med nye artiklar til Pridlao pågår heile tidi, og så langt har det ikkje vore stoffmangel. Elles er det ein del henvendingar om foto, slektsopplysningar og anna til arkivet. Kommunen vender seg og ofte til arkivet for å få opplysningar om saker dei arbeider med. 

Til slutt vil eg minna om at arkivet har gjeve ut mange bøker, alle dei er framleis i sal.