Fotosamling
Skriv ut

Vik lokalhistoriske arkiv har i samarbeid med Fylkesarkivet samla inn gamle bilete frå Vik kommune. Ved utgangen av 2000 var det samla inn ca. 6500 bilete som er tilgjengelege på fotokort, pr. 1.7.1999 var 4362 foto digitaliserte og tilgjengelege på heimesidene til Fylkesarkivet. Der kan ein tinga kopier av bileti, eller ein kan tinga gjennom Vik Lokalhistoriske Arkiv. Ca 1200 av bileti er slike som har stått i Pridlao. I tillegg har arkivet 3000 lysbilete frå O. P. Fosse-samlingi, og nokre hundre foto gjevne av Bjørg Fosse Holstad. Så å seia alle bileti er dataregistrerte. Når bileti føreligg på fotokort og/eller på Internett, er det mogeleg å tinga kopi. Ein kopi i storleik 18 x 24 kostar kr 85 til privat bruk, skal det nyttast offentleg (t.d. avis) kjem ei arkivavgift i tillegg. Fotoarkivet fylgjer NKKM (Norsk Kunst- og Kulturhistoriske Museer) sine rettleiande prisar.
Søk etter bilete!