Om arkivet
Skriv ut

Vik Lokalhistoriske Arkiv fekk tilsett arkivleiar frå 1. august 1992, og arkivet vart offisielt opna 15. januar 1993. Arkivet held til i svært gode lokale i kjellaren på Vik Bygde- og Sjukeheim, inngang ved vaskeriet. I arkivet er det oppbevaringsrom/arkivmagasin, kontordel med arbeidsplass/lesesal for besøkjande, kjølerom for bilete/glasplater o.a., lager for gjenstandar og bøker, eit lite kjøken og toalett. I arkivmagasinet er det rullerolar med 500 hyllemeter.

Kva tek arkivet vare på?
Arkivet tek imot og oppbevarer privatarkiv og kommunearkivet for Vik. Det vert oppbevart viktig kjeldemateriale som er sikra mot brann, fukt, tjuveri, hærverk og uheimla innsyn. VLA tilfredsstiller alle krav til ein arkivbygning. Kvar og ein som leverer innarkivmateriale kan klausulera det. Arkivmateriale kan leverast inn som gåve eller berre til oppbevaring. Alle som arbeider i arkivet har teieplikt og har skrive under på teiepliktserklæring.

Kva er i arkivet?
Arkivet skal samla, ordna, registrera, oppbevara og gjera tilgjengeleg lokalhistorisk kjeldetilfang. Innhaldet i arkivet kan delast i tre hovudgrupper:

* Originalt kjeldemateriale
* Kopiert kjeldemateriale og katalogar
* Publisert materiale (bøker, tidsskrift, aviser)

Privatarkiv
omfattar lagsarkiv, personarkiv og næringsarkiv. Det er registrert 245 privatarkiv ved VLA. Desse er oppbevarte ved VLA, på Fylkeasrkivet eller hjå private (ikkje avlevert).

Kommunearkiv
Vla har kommunale organ sine arkiv for perioden 1837-1964, i somme tilfelle heilt fram til 1980-åri. Det er utarbeidd katalog for perioden 1837-1964.

Statleg arkivmateriale
er protokollar og dokument frå statlege organ på lokalplanet. VLA arbeider med å byggja opp ei samling av fotostatkopiertkjeldemateriale frå Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet. Arkivet har kopiar av kyrkjebøker, folketeljingar, matriklar, branntakstprotokollar, skifteregister, panteregister og ein del anna. VLA har og mikrofilmar av kyrkjebøker og folketeljingar, ogslektsopplysningar er dataregistrert. I mange høve treng ein ikkje lenger venda seg til dei statlege arkivi for å få opplysningar. VLA har innbunde kopiar av kyrkjebøkene for Vik og Arnafjorden fram til 1940.

Foto
Ved utgangen av 2000 var det samla inn ca. 6500 bilete som er tilgjengelege på fotokort, pr. 1.7.1999 var 4362 foto digitaliserte og tilgjengelege på Internett. Der kan ein tinga kopier av bileti. Ca 1200 av bileti er slike som har stått i Pridlao. I tillegg har arkivet 3000 lysbilete frå O. P. Fosse-samlingi, og nokre hundre foto gjevne av Bjørg Fosse Holstad. Så å seia alle bileti er dataregistrerte. Når bileti føreligg på fotokort og/eller på Internett, er det mogeleg å tinga kopi. Ein kopi i storleik 18 x 24 kostar kr 85 til privat bruk, skal det nyttast offentleg (t.d. avis) kjem ei arkivavgift i tillegg. Fotoarkivet fylgjer NKKM (Norsk Kunst- og Kulturhistoriske Museer) sine rettleiande prisar.

Stadnamn
Det er samla inn 12000 stadnamn i Vik. Desse er kartfesta og lydbandfesta, og katalog vart gjeve ut i 2003. I tillegg har arkivet stadnamn frå tidlegare innsamlingar, som skuleborninnsamlingi på 30-talet.

Munnleg materiale
er tradisjon og livsminne som er skrivne ned eller tekne opp på kassett/lydband. Arkivet har nokre få kassettopptak, her bør meir gjerast. Nedskrivne livsminne har arkivet 10-15 av, og fleire av desse har vore trykte deler av i "Pridlao".

Musikk
Det finst lydbandopptak med 18 ulike utøvarar frå Vik kommune, til saman 158 melodiar. Dette materialet er oppbevart ved Fylkesarkivetsi musikkavdeling i Førde.

Faste kulturminne, bygningar og kulturlandskap
Registrering av faste kulturminne er eit forsømt felt i Vik, og her står att mykje arbeid. Fornminne er registrert av Per og Eva Fett, og det ligg føre katalog. Eldre bygningar er ferdigregistrert, den såkalla SEFRAK-registreringi. Her vil katalog føreliggja om eitt eller to år. Høgskulen i Sogndal har registrert kulturlandskap i Vik, og det er utarbeidd rapport.

Utvandring
I boki "Ein stad skal ein vera" av Rasmus Sunde er det register over 3532 personar som utvandra frå Vik, Arnafjorden, Kvamsøy og Vangsnes. I ei semesteroppgåve av Bjarne Bjørkevoll er det register over 850 utvandrarar frå Feios og Fresvik. Utvandrarane frå Vik erdet laga slektslister for, gjort i USA av Zona Mathison. VLA har kopiar av desse listene. Det er og bygt opp ei omfattande edb-basert slektsteneste med informasjon om utvandrarane.

Formidling
VLA er utgjevar av "Pridlao" og andre skrifter. VLA ser på formidling av innsamla materiale som svært viktig, og VLA var utgjevar av bygdebladet "Pridlao" (no Vik Historielag), utgjeve før me 3 nr for året, så 2 nr pr år, frå 2016 berre eitt nummer. Innsamling av stoff og materiale til "Pridlao" og VLA går hand i hand, og fører til at VLA får tak i meir materiale. VLA gjev og ut andre skrifter med lokalhistoriske tema, og har som mål å få gjeve ut ei bok kvart år.

Samarbeider med Fylkesarkivet
VLA har nært samarbeid med Fylkesarkivet som har avdelingar på Hermansverk, Førde (musikk) og Sandane (foto). Fylkesarkivet yter fagleg bistand, gjev råd og hjelper til med registrering og arkivering. Det er Fylkesarkivet si avdeling på Sandane som står for all avfotografering av bilete og leverer kopiar på fotokort til VLA. Ved VLA vert dei prosjekti som Fylkesarkivet står bak utførte, tidlegare Prosjekt Ættesoge og Prosjekt Fotovern, i 1999 Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane
http://www.fylkesarkiv.no/
http://www.digitalarkivet.uib.no/

Opningstider
Arkivet er delvis ope fem dagar i veka frå kl 0800 til kl 1530. Arkivleiar, Arne Inge Sæbø, har vore tilsett i halv stilling. I tillegg er der arbeidsledige for kortare tid.
Tlf. 91372908
Mobil Arne Inge Sæbø: 97 70 30 15
E-post: arne.inge.sebo@vik.kommune.no, rlrunelee@gmail.com

ARKIVET ER OPE FOR ALLE!

Fordelar med lokalhistoriske arkiv
Tre fordelar peikar seg ut:
- samla på ein stad
- tilgjengeleg for alle
- vil ikkje gå tapt
Oppfordringi må derfor bli: Ta kontakt om de har noko som bør oppbevarast i arkivet.