Pridlao
Skriv ut

Pridlao er eit lokalhistorisk bygdeblad for Vik kommune. Bladet vert gitt ut av Vik Historielag, og redaktør er Arne Inge Sæbø. Bladet kjem frå 2016 ut med eitt nummer for året, til jul. Bladet kan ein abonnera på, prisen er i 206 kr 150,- for året. Pris i 2017 vert truleg 200 kr. Siste nr i 206 var på 164 sider. Det er ca. 900 abonnentar i 2007, omlag 500 av desse utabygds. 

Bladet kom ut første gong i 1984. Nokre av dei første nummeri er utselde, men me har dei fleste bladi etter 1988. Ein kan bestilla alle tidlegare nummer samla til sterkt redusert pris. Ta kontakt og be om pris.

Bladet kan vera temafritt eller heile bladet kan vera kring eitt tema. Tema som har vorte nytta: Stølsliv, byggjeskikk, skjemt, 1950-talet, stadnamn, husmannsvesenet, utvandring, lokal dikting, skuleminne, båtar og båttransport, jordbruk m.m. Det går an å bestilla einskildnummer.

Det er eit mål i kvart nummer å ha med stoff frå alle bygdene i Vik kommune, Vik, Arnafjorden, Vangsnes, Feios og Fresvik. Med er og bilete frå alle bygdelagi.

Redaktøren tek imot bidrag i form av artiklar og bilete. Tips eller skriv sjølv.

Leitar du etter noko du såg i Pridlao for lenge sidan, men ikkje kan finna att? Prøv eit søk på Fjognedok - lokalsamlingen til Fylkesbiblioteket.